FOSNAVÅG: FUTURE EVOLUTION

FOSNAVÅG:
FUTURE EVOLUTION

150508_FOSNAVÅG_FOR OFFICE PRESENTATION.pdf

Fosnavåg

Navn

Fosnavåg: framtidens bygder

Oppdragsgiver

Herøy kommune

Oppdragsgivers representant

Jarl Martin Møller

Periode        

Jan 2015 – April 2015

I samarbeid med

Plottaplan arkitektur og arealplan

Økolog Christian E. Mong

Samfunnsgeograf L. Nomeikaite

Hydrogeolog O.Soldal

Støttet av NAL fremtidens bygder;

Dersom Norge skal nå sine målsettinger om kutt i klimagassutslippene må også bygdene blir mer klimasmarte. De syv utvalgte pilotprosjektene i Framtidens bygder skal bidra til økt kunnskap og eksempler på hvordan bærekraftig og klimavennlig stedsutvikling kan gjøre mindre steder til gode forbilder. Prosjektet er et samarbeid mellom miljøstiftelsen Zero, TreFokus og Norske arkitekters landsforbund.

Formål

Forretning, kontor, bolig, offentlige blå og grønne strukturer

kart

FOSNAVÅG -hamna nær storegga

Frå den gongen Thomas Longva oppdaga fiskebanken Storeggakanten på 1630-talet har Fosnavåg vore ei trygg hamn nær storhavet. «Våje» er ei naturskapt hamn som hadde si storheits-tid frå 1860- åra fram til 1950-talet då sildefisket stilna. Mange av bygga, særleg sjøbudene og andre fiskerirelaterte bygg, rundt vågen har stått tomme i lang tid og forfallet har vore synleg. Verftshallen til Voldnes Mekaniske har blitt reven og fryseriet innerst i vågen har hatt varierande aktivitet. Det unike hamnebassenget har vore mindre attraktivt og tildels utan aktivitet.

Dette har ført til ein einsidig by-messig utvikling på vestsida av Fosnavåg. I løpet av 1900-talet har det fleire gongar blitt fylt ut i sjø langs vestsida av hamna og i nord-vestre del av sentrum. Arealet har vore fungerande kommersielt sentrum i lang tid. Den vestre del av Fosnavågen er ein relativt stram kvartalsstruktur der Kjøpmannsgata er det visuelle bindeleddet mellom «nytt» sentrumsareal og hamna. I år har det vore opning av nytt hotell og konsertsal. Anlegget aktiverer visuelt sett hamnebassenget samstundes som det koplar seg på gateløp og by-struktur.
Eit av hovudmåla ved ein framtidig utviklings strategi for Fosnavåg bør vere å knytte byutvikling mot hamna og den naturlege vågen. Då må det opnast opp for offentleg ferdsle rundt vågen samt tilføre ny aktivitet og program rundt den unike hamna.

150508_FOSNAVÅG_FOR OFFICE PRESENTATION.pdf

• Fosnavåg – den vitale byen i det storslåtte landskapet: Den vitale byen er mykje meir enn form og funksjon, den er erfaringar, draumar, håp og begjær. Den er flytande og omskifteleg slik som vêret og årstidene. Vi ønske at prosjektet i Fosnavåg skal kunne bere bod om ei vitalistisk inspirert byutvikling og planlegging!

Fosnavåg i dag:

Omstillingsviljen blant næringsdrivande innan tradisjonell fiskerinæring har vore formidabel og eit skifte til andre sjørelaterte marknader har lukkast. Fosnavåg og Herøy kommune er i ei særstilling som ei av dei viktigaste fiskerikommunane i landet. Med reiarlag og offshorenæring utgjer Herøy kommune ein del av marinenæringsklyngen på Sunnmøre, men er også viktig i både nasjonal og internasjonal samanheng.
Som så mange andre mindre byar i Noreg er også Fosnavåg si utvikling naturleg knytt rundt det kommersielle sentrum. I Fosnavåg har Fosnavåg Brygge og mellom anna Madelynn fungert som møteplassar. Parkeringsplassen ved Holmefjordvegen og Allmenningen ved Fosnavåg Brygge er offentlege rom i Fosnavåg som heng noko saman med hamnebassenget.
Eit mogleg auka fokus på lokale ressursar og aukande turisme vil gje etterspurnad etter det unike landskapet og lokal kultur. Nye offentlege og uformelle møteplassar er viktig for både vitjande og fastbuande. Innbyggarane og dei vitjande sitt fokus på landskapet, lokal mat og handverk- og næringstradisjonar føre oss nærare vår eigen kultur. Det vil igjen bli marknad for mindre næringsverksemd som blir til i eit kreativt møte mellom lokalkultur og moderne utvikling. Utviklinga frå industri til meir lokal næring knytt til service og turisme peikar i retning av fokus på lokale kvalitetar i møtet mellom service og landskapet. For igjen å få yngre menneske til å busetje seg i Fosnavågen trenger ein utvikling av kulturelle og økonomiske attraksjonar. Fosnavågen har natur, lokale ressursar og historie til å møte denne utviklinga. Då treng ein å utvikle reiskap som absorberer og utviklar den aukande interessa frå tilflyttande og besøkande. Denne utviklinga byrjar med sjøen og hamna.

Stadane og menneska si oppfatning av dei
By- og bustadkvalitet oppstår når sosiale og romlege tilhøve spelar inn i forhold til kvarandre. Det er opplevinga og erfaringa med ein slik by-vev som gjev grunnlag for kvalitetane ved staden. Det tyder at personlege tilhøve som erfaringar, livsfase, verdipreferansar, opplevingar av staden eller liknande stader har verdi. Det fysiske rommet, landskapet og arkitekturen er eit funksjonelt gode og ein sanseleg kvalitet ved staden.
Byutvikling av Fosnavågen kan slik sett ikkje knytast til arkitektur– og designkvalitet, funksjonalitet eller bærekraft aleine, men må sjåast i forhold til korleis den appellerer til sansar, gjev opplevingar, og er med på å skape stemningar og atmosfære.

Kva er utfordringane?

Det er viktig at det arbeidet som no gjerast er framtidsretta, men like viktig at det er forankra i det lokalhistoriske perspektivet. Det kollektive minnet om Fosnavågen som ei aktiv fiskerihamn vil vere viktig å vidareføre. Fosnavåg sentrum, slik det står fram i dag, er ikkje ein vilkårlig brikke som kan spelast med, men eit sett av naturgjevne og menneskeskapte faktorar som kvar har ei historie knytt til seg.

Vi vil utheve følgande sentrale forhold som må handsamast i konkurranseforslaget:
• Uttrykket – Fosnavåg sentrum har i dag stor variasjon av dimensjonar og uttrykk i bygningsmiljøet, og det manglar raude trådar og samlande komponentar.
• Trafikksituasjonen – I dag blir mykje areal brukt for ferdsle og parkering med bil. Dette går ut over klare offentlege rom og møteplasser. Gode og effektive samferdsleanlegg bør vektleggast.
• Landskapsrommet – Sidan utviklinga i lengre tid har vendt seg vekk frå vågen og ein har fått in ny og gamal del av byen, er det ikkje lengre landskapet sine premissar som gjev grunnlag for ny utvikling. Ein har fått ei negativ utvikling mellom nytt og gamalt.

Kva er mulegheitene?

Utfordringar er også muligheiter, og vi trur at ei rekke både definerte, og kanskje også nye forhold kan trekke i rett retning ift å gjere Fosnavåg sentrum til ein tydelegare og meir pulserande stad:

• Arkitektur og attraktivitet: Ved å rette fokuset på den lokale bygningshistoria og skape moderne klimavenleg trearkitektur som let seg inspirere av tradisjonen vil ein kunne oppnå attraktive arkitektoniske bindeledd i Fosnavåg gjennom materialitet og dimensjonar. Vi trur også på ei utvikling av eksisterande sjøhus kan gje ny næring og liv langs vågen.

• Differensiering av trafikk og offentlige rom. Gjennom å styrke sentrum sine offentlege byrom, tilbyr ein den viktigaste arenaen ein tettstad har, nemleg den uformelle møteplassen. Dersom Fosnavåg sentrum blir ein naturleg møteplass i regionen, vil ei rekke synergiar kunne hentast ut av dette. Gjennom tydeleg opparbeiding av offentlege rom, møteplassar og sti-anlegg bunde saman av ny bru mellom Vågsholmen og Fosnavåg, vil ein kunne knytte saman Fosnavågen som ein unik by i eit fantastisk landskap. Trafikk og parkering bør være effektivt og tilgjengeleg utan at dette går på ut over livet i gatene.

• Større marknadsgrunnlag for service og næring i nærområdet. Iden framtidige utviklinga av Fosnavågen er det viktig å skape gode tilhøve for ny næringsvekst. Tilrettelegginga for nye verksemder i sentrum bør vere eit alternativ til desentralisering av service og handel i utkanten av sentrum, slik vi ser i så mange norske tettstader og byar.

• Sentrum som heimstad – Ny bustad-fortetting i sentrum vil bidra til at sentrum ikkje berre er ein stad ein vitjar, men også ei adresse. Dette vil vere med på å sikre meir variasjon i aktivitet og etterspurnad over større delar av døgnet og føre til eit levande sentrum også etter kl. 16.

150508_FOSNAVÅG_FOR OFFICE PRESENTATION.pdf

150508_FOSNAVÅG_FOR OFFICE PRESENTATION.pdf

PARKERINGSPLASSAR I OFFENTLEG BYROM

Sentrale byrom er fylt opp med parkering. Innbyggarane og vitjande etterlyser parkeringsplassar i sentrum, sjølv om dei er sentralt plasserte i byromma.

150508_FOSNAVÅG_FOR OFFICE PRESENTATION.pdf

REGIONAL KONTEKST

Fosnavåg er ein tettstad som ikkje heilt har klart å knyte seg på sambandet mellom Ålesund-Hareid- Ulsteinvik-Volda- Ørsta. Fosnavåg har nesten ikkje gjennomfartstrafikk slik som mange andre tettstader i regionen nyt godt av. Det vil vere naudsynt å bygge identitet gjennom stadlege kvalitetar for å vere attraktiv i regional samanheng. Kanskje vil ei direkterute med hurtigbåt mot Ålesund vere noko av løysinga?

150508_FOSNAVÅG_FOR OFFICE PRESENTATION.pdf

150508_FOSNAVÅG_FOR OFFICE PRESENTATION.pdf

150508_FOSNAVÅG_FOR OFFICE PRESENTATION.pdf

Det ytre kystlandskapet langs vestlandet har blitt forma av is og hav. Dei første som busette seg her søkte ly for vêr og vind i vågar og sund. Nærleik til rike ressursar i havet er essensen i kvifor menneske har busett seg på den lave strandflata på ytre søre Sunnmøre og elles i kystbygdene i denne type landskapsregion som strekk seg frå Jæren til nord i Trøndelag. Mangel på områder som er eigna for kultivering og nærleik til havet har ført til ein region med unik erfaring med fiskeri og sjøfartsrelatert næring.

150508_FOSNAVÅG_FOR OFFICE PRESENTATION.pdf

Landskapet er prega av skoglause fjell som stikk opp frå havet. Ein marginal morenekant har gjennom tusenvis av år med iherdig innsats frå fiskarbøndene blitt til eit karakteristisk kulturlandskap. På øyane i regionen er dette eit samanhengande band av grøne flater som også strekk seg heilt inn i tettbygde strøk, slik som Fosnavåg. I Fosnavåg strekk grøne drag seg igjennom byen via grøne lunger som parkareal og fjell  før det igjen koplar seg på urørd, ver-utsett landskap. Desse skifta mellom kultiverte og naturlege grøne strukturar  i landskapet er nettopp det som gjer staden Fosnavåg unik.  Det krevjast ei finsleg tilnærming til vidare forming av staden for å ikkje misse denne kvaliteten. Eksisterande parkareal og grøne lunger bør hegnast om og er viktig i framtidig utvikling av tettstaden.

150508_FOSNAVÅG_FOR OFFICE PRESENTATION.pdf

150508_FOSNAVÅG_FOR OFFICE PRESENTATION.pdf

Verneområde kring Fosnavåg

1. Muleneset naturreservat – verneplan for sjøfugl
Nord- og vestvendte fjellsider på Nerlandsøya, frå havet og opp mot 250 moh. Området er prega av hamrar, steinur og stupbratte grasbakkar og det er fleire holer og kløfter. Langs toppen er det flatare med lynghei og rabbevegetasjon. Området er særs utsett for véret. Muleneset inngår i eit større kulturlandskapsområde som er vurdert å ha nasjonal verd.
Formålet med naturreservatet er å ta vare på eit område med særskilt verdi for biologisk mangfald. Området er eit tilnærma urørt bratt område nordvest på Nerlandsøya, som med sjøområdet utanfor og naturleg tilhøyrande plante- og dyreliv, utgjer ein viktig biotop.
Viktig hekkeområde for havhest, toppskarv og teist. Havsvale hekkar truleg her. Ærfugl, gråmåse, svartbak og tjuvjo er også registrert hekkande her. Andre artar enn sjøfugl kan hekke her som følgje av at her er fuglefjell. Dei botaniske verneinteressene er store, med varmekjære planteartar i sørskråningane av Mulefjellet og oseaniske og beiteprega plantesamfunn og strandplantar i heile området.

2. Runde – dyrelivsfreding
Område med dyrelivsfredning som mellom anna grenser til fuglefredningsområda på Runde. Den einaste restriksjonen som gjeld for dette området er at alle fugle- og pattedyrartar er freda mot jakt- og fangst.

3. Myklebustvatnet naturreservatet
Hekkelokalitet men også trekk og overvintringslokalitet for enkelte arter. 4 arter av regional og 16 arter av nasjonal interesse. Elles ein serdeles tett hekkebestand av mange artar. Vatnet er grunt, næringsrikt og vegetasjonsrikt ferskvatn og sumpmarksområde i eit småkupert kyst- og kulturlandskap. Vatnet er ringforma omkring ein større og 4 mindre holmar. Lokaliteten er lett tilgjengeleg og ligg godt tilrette for forskning og undervisning. Islegging om vinteren gir mulighet til bruk som skøytebane. Kraftline krysser området. Av vernereglane kjem det mellom anna fram at det er forbod mot all ferdsel i området i perioden prime mars til ultimo oktober.

4. Sandøya-Vattøya naturreservatet
Vattøya, Lyngøya og Sandøya er nokså runde og 2 – 500 m på tvers. Alle øyane er småkuperte men heller flatlendte. Vegetasjonen er stort sett lynghei og strandeng, men på Vattøya er fem fråflytte gardsbruk med tilgroande dyrkamark og beite. Det er elles fleire mindre holmar og skjer i området. Området utgjer ytste del av den såkalla «Grøne korridor», fjordlandskapet mellom Herøy og Ulstein. Det er her registrert store kulturlandskapsverdiar. Vattøya som gamal busetnad, utgjer ein del av dette.
Formålet med naturreservatet er å ta vare på eit område som har særskilt verdi for biologisk mangfald og som inneheld trua, sjeldsynt og sårbar natur. Skjergardsområdet består av tilnærma urørte småkuperte øyar og sjøområdet omkring, som med naturleg tilhald for mange fuglar.
Det er gode hekkebestandar av måsefuglar i reservatet. Svartbak har hatt ein stabil bestand frå 1975 til 2011. Tal frå 2011 viser at heile 55 par ærfugl hekka her. Elles har det tidlegare vore gode hekkebestander av terner, om lag 25-55 par på 1990-talet. I 2011 vart det ikkje registrert terner. Grågås har også tidlegare hekka på dei nordlege delane av Vattøya.

150508_FOSNAVÅG_FOR OFFICE PRESENTATION.pdf

KYSTLINJE:  mellom natur og kultur

Kystlina i Fosnavågen er ei unik samankopling mellom naturleg kystline og kultivert møte mellom hav og land. Dagens situasjon ber preg av anten å vere naturleg strandkant/fjøre eller industriell kaifront.

150508_FOSNAVÅG_FOR OFFICE PRESENTATION.pdf

POTESIALET LIGG I EI LANGSTRAKT KYSTLINE 3,5 km

Kor lang er eigentleg kystlina rundt hamna? – Røft rekna 3500 meter med kontaktpunkt mot sjøen. Føreslegne planar for utfylling i sjø gjev ei lite ønskeleg utjamning av kystlina som gjev færre kontakt- og aktivitetspunkt langs sjøkanten. Potensialet i eksisterande kystline i hamna bør ytterlegare kultiverast og gjerast lengre – ikkje fyllast igjen og kortast ned på. Fosnavåg manglar kontaktpunkt mot sjøen som kan være kontakpunkt mellom det naturlege og det reint industrielle. Potensialet kan oppfyllast ved at ein lagar gode overgangar mellom sjø og land der rekreasjon for menneska i byen er særleg vektlagt.  I desse overgangane kan byen ved havet også hente tilbake identiteten sin.

150508_FOSNAVÅG_FOR OFFICE PRESENTATION.pdf

Fosnavåg har delar av naturleg grønstruktur framleis intakt innanfor sentrumsarealet. Grøne lunger i Fosnavåg bør inngå i ein heilskapleg strategi for tur- og rekreasjonsareal for bebuarar i området. Parkar må henge saman med  gang- og sykkelsamband. Ved auka fortetting og eit ønske om at ytterlegare bebuarar skal flytte til sentrum vil grøne strukturar vere med å auke livskvalitet og betre bumiljøet i byen. Nokre delvis utbygde areal kan opparbeidast til grøne lunger ved å tilføre kvalitetar og eigenskapar som forsterkar den samanhengande grønstrukturen gjennom Fosnavågen. Ved å oppretthalde eksisterande grøne areal og vidare satsing på opparbeiding av fleire parkar vil byen tole ei høgare fortetting utan å misse stadeigne kvalitetar.

150508_FOSNAVÅG_FOR OFFICE PRESENTATION.pdf

STRANDLINJE:  Mjuk og naturleg kant

150508_FOSNAVÅG_FOR OFFICE PRESENTATION.pdf

To øvergångar frå land til sjø

Hard, urban og industriell kaikant
Mjuk og naturleg overgang

1. Overgangen mellom det tettbygde og sjøen består av høge kaikantar. Her kan større fartøy leggje til, bilar har tilgang og folk kan spasere langs kaia og sjå på liv og næring.

2. Overgangen mellom det grøne landet og sjøen takast vare på og leggjest til rette for turgåarar. Denne sona er den økologisk rikaste i området – eit høgt antal artar lev i forskjellige soner under, over og i fjøresona, dyr som lev på sjøen nyttar fjøra til å kvile, tørke vingane og finne føde, og dyr som lever på land finn òg føde her. Mange sjeldne fuglar opptrer hyppig i denne sona like ved Fosnavåg sentrum.

150508_FOSNAVÅG_FOR OFFICE PRESENTATION.pdf

150508_FOSNAVÅG_FOR OFFICE PRESENTATION.pdf

150508_FOSNAVÅG_FOR OFFICE PRESENTATION.pdf

150508_FOSNAVÅG_FOR OFFICE PRESENTATION.pdf

150508_FOSNAVÅG_FOR OFFICE PRESENTATION.pdf

Fosnavåg har mulegheit til å tilby vitjande stadeigen kultur og natur som ikkje andre tettstadar i regionen kan by på. Fosnavåg skil seg ut i regionen ved å vere byen ut med havet og bør underbygge stadlege kvalitetar i eksisterande program rundt hamna. Det må til ei styrking av eksisterande funksjonar ved tilførsle av liknande funksjonar og program innanfor same delområde av sentrum. Ei underbygging av klare soner med eit hovudprogram vil auke attraktiviteten til Fosnavåg som stad.

150508_FOSNAVÅG_FOR OFFICE PRESENTATION.pdf

150508_FOSNAVÅG_FOR OFFICE PRESENTATION.pdf

Ulike aktive soner: Styrke senteret rundt den urbane gridd

Ei klarare soneinndeling med ulike hovudprogram vil hindre utflyting av det kommersielle handelssentrumet. By-kjernen bør strekkast over hamna med ei tilsvarande fortetting på Vågsholmen. Innløpet til hamna vil visuelt tre fram som meir attraktivt om ein fortettar på begge sider. Samanbindinga er også essensiell i forhold til å binde saman hamnebassenget og det kommersielle sentrum til å utgjere ein stad, ikkje fleirdelt, som dagens situasjon. I første omgang er det tenkt samband for mjuke trafikkantar via ei kabelferje. På lengre sikt bør det kanskje vurderast ein bru-konstruksjon som ikkje forhindrar båttrafikk inn og ut hamna.

150508_FOSNAVÅG_FOR OFFICE PRESENTATION.pdf

Nye soner og program: Ny  sløyfe som reaktiverer Vågen

Infill-bustader ved parken, kultur stredet, kabelferje,  ny samanbindande «loop», Vinterhamn, sommarhamn, ny og forlenga kystline,  industrihamn, bysentrum (evt. bykjerne), vern av naturleg strandsone

150508_FOSNAVÅG_FOR OFFICE PRESENTATION.pdf

150508_FOSNAVÅG_FOR OFFICE PRESENTATION.pdf

150508_FOSNAVÅG_FOR OFFICE PRESENTATION.pdf

150508_FOSNAVÅG_FOR OFFICE PRESENTATION.pdf

150508_FOSNAVÅG_FOR OFFICE PRESENTATION.pdf

Forslag til tekst: Forslaget legg til grunn at det gjerast gjennomgåande utbetringar på eksisterande veg frå Skarabakken og ned til Vågsgata til krysset ved Nørvågvegen. Frå krysset vil Vågsgata fungere som einvegskøyrd innfartsveg til sentrum. Utkøyring frå sentrum er også foreslått einvegskøyrd gjennom delar av Igesundsvegen over Gerhard Voldnes veg fram til Nørvågvegen. Det bør vurderast trafikksikringstiltak, som riving av bygningar som forhindrar sikt eller lysregulering, i krysset Igesundsvegen, Vågsgata og Gerhard Voldnes veg.

150508_FOSNAVÅG_FOR OFFICE PRESENTATION.pdf

150508_FOSNAVÅG_FOR OFFICE PRESENTATION.pdf

Sykkel- og gangsonar:  Nettverket av gang- og sykkelvegar og stiar perforerer byen og koplar ulike sentrumsfunksjonar saman. Byfornying skal skje på mjuke trafikkantar sine premissar. Menneske som bur i sentrum skal lett og utan trafikkfare kome seg på jobb, til fjells, på skule, til parken og på butikken. Koplinga mot skuleområdet bak Tverrfjellet må ha vere ei trafikksikker løysing i dagen. Gangtunnel gjennom fjellet bør berre vere eit alternativ tilbod som ein snarveg.

150508_FOSNAVÅG_FOR OFFICE PRESENTATION.pdf

150508_FOSNAVÅG_FOR OFFICE PRESENTATION.pdf

TUNNEL ALTERNATIVET: Tunellforslaget er del av eit opprinneleg større vegprosjekt. Første del av vegen har møtt motstand og kan ikkje byggast, men tunelløysinga inn til byen er ønska realisert frå politisk hald. Løysinga som er skissert løyser i realiteten ikkje noko problem, men tilfører heller nye. Tunellen vil punktere to viktige grøne lunger som vil vere viktige for vidare utvikling av Fosnavåg. Dei trafikkale utfordringane inne i sentrum er ikkje løyst med ein tunell.

150508_FOSNAVÅG_FOR OFFICE PRESENTATION.pdf

150508_FOSNAVÅG_FOR OFFICE PRESENTATION.pdf

Forslag på utbetring: Utviding av areal til trafikkføremål skal gje nok rom for gåande, syklande og bymøblering.

150508_FOSNAVÅG_FOR OFFICE PRESENTATION.pdf

150508_FOSNAVÅG_FOR OFFICE PRESENTATION.pdf

150508_FOSNAVÅG_FOR OFFICE PRESENTATION.pdf

Grønt bumiljø midt i byen:

Utbetring av hovudvegen vil medføre noko endring av bumiljøet i Skarabakken/ Pettervågen. Vi meinar at toppen av Skarabakken må senkast frå kote 36 moh tilnærma kote 30 moh for å få ein gunstig samanheng med området ved kyrkja.  Pettervågen bør planleggast på nytt med høgare utnytting av arealet og med utgangspunkt i å oppnå universelt og visuelt tilgjengelege frå Nørevågen til Campus. Sprengmasse frå fjell, deponering av masse frå hamna og nye parkeringsgarasjar gjer at ein kan oppnå nytt terreng på 1:15. Samanbindinga mellom hamna og Campus, Myklebust og Eggesbønes vil få områda til å henge betre saman.

Ved gamlehotellet i Nørevågen foreslår vi å etablere ein offentleg bypark. Byparken skal vere ei grøn lunge for bebuarar i området og eit område for leik og rekreasjon. Byparken tek vare på registrerte kulturminne og integrerer desse som eit historiefortellande element. I samband med foreslått plassering av deponi for massar frå hamna vil det verte ei utviding og heving av kaikant. Utvidinga gjev rom for å etablere ulike møteplassar langs kaikanten. Den nye byparken strekk seg frå Skaret og ned mot sjøen. Ein intensjon er å forsterke det romlege forløpet frå Campus og heilt ned til vassflata i hamna

150508_FOSNAVÅG_FOR OFFICE PRESENTATION.pdf

 

Ny industrihamn.

150508_FOSNAVÅG_FOR OFFICE PRESENTATION.pdf

Forureiningstrategi:

Samtale med Oddmund Soldal, hydrogeolog
Spesialkompetanse på grunnvatn, risikovurderingar og forureining

150508_FOSNAVÅG_FOR OFFICE PRESENTATION.pdf

60 000 KUBIKK FORUREINA SEDIMENT:

Fleire hundre år med avfallsstoff frå tidleg industrihistorie ligg tjukt på botnen av hamna. Forureininga av giftige stoff er av stort omfang og utgjer ei fare for levande liv og tilstanden på vasskvaliteten i hamna.

Fordeler med å lagra miljøfarlege sedment lokalt i Vågen;

– Mindre kostnadskrevjande
– Låg risiko, ingen forureining under transport
– Ein har 100% kontroll på massene når den ligg i røyr. Røyra er også godt fundament for ny kai.
– Ein smalare våg som let båtar snu vil ha lågare vassvolum og difor betre gjennomstrøyming inn og ut av Vågen.

– Sanering av ureina masser i Vågen må skje om nokre år av di dette er et tiltak under nasjonal transportplan.

– Ved lagring på fylling ytterst i hamna er man avhengig av masser frå framtidig tunnel før man kan få nok volum for å bygge bustader her.  Det er uvisstt når og om man får midler til tunnelprosjektet.Ein kan stå igjen med berre ein delvis fylling somutgjer ein risiko og som ikkje har noko nytte.

150508_FOSNAVÅG_FOR OFFICE PRESENTATION.pdf

150508_FOSNAVÅG_FOR OFFICE PRESENTATION.pdf

150508_FOSNAVÅG_FOR OFFICE PRESENTATION.pdf

Forslaget legg til grunn at giftige bunnmassar vert deponerte på staden. Kaiområda utvidast og hevast med om lag ein meter for å få effektive kaianlegg for industrien på land. Løysinga vil ikkje få konsekvens for manøvreringsareal for større fiskefarty då mesteparten av massane leggast over eksisterande kaiområde.

150508_FOSNAVÅG_FOR OFFICE PRESENTATION.pdf

Snitt ny industrihamn: sanering av forureining

150508_FOSNAVÅG_FOR OFFICE PRESENTATION.pdf

Den nye vågsbotn -GRØN – BLÅ ALLMENNING

150508_FOSNAVÅG_FOR OFFICE PRESENTATION.pdf

Enklare åtkomst langs indre våg: Indre hamn er vidareført som industrihamn. Det bør opnast opp for vidareutvikling av eksisterande bygningsmasse. Føremålet bør vere industri, næring og forskingsrelatert. Nytt bygg på Nørvågallmenningen er tiltenkt forsking innan fiskerinæringa.

150508_FOSNAVÅG_FOR OFFICE PRESENTATION.pdf

KULTURHAMN:

Kulturelle aktivitetar samlast på den smalaste delen av hamna. Aktivitetar vil vere synlege frå dei fleste sentrale stadane i byen. Det kulturelle stredet vil vere ryggrada til byen. Her møtast ungdommar på fritidsklubb og kino, her kjem vitjande for å bu på hotell, det er vernisage i galleriet, førelesning på Kystlaget, konsert i Konsertsalen, filmklubben har møte, blandakoret har øving, nokre mekkar bilar og nokon er berre nysgjerrige på kveldstur.

Forslaget inneheld eksisterande konserthus, hotell og kino. Verneverdige eldre sjøhus er føreslege transformert til kulturelle aktivitetar. Bygningsmiljøet fortettast for å få eit bygningmiljø heilt ut til kaifront. Vitjande kan legge til i gjestehamn ved Kystlaget.

150508_FOSNAVÅG_FOR OFFICE PRESENTATION.pdf

150508_FOSNAVÅG_FOR OFFICE PRESENTATION.pdf

Frå bilbasert kultur til moderne urbanitet:

‘‘Om eg berre kunne kjøyra like inn i butikken…’’

150508_FOSNAVÅG_FOR OFFICE PRESENTATION.pdf

KOMMERSIELT SENTRUM:  Fortetta bysenter

Kommersielt sentrum, som er samansett av ulike typar handelsnæring, foreslåast utvida til å omfatte andre sida av vågen. Den delen av Vågsholmen som vender inn mot vågen fortettast med høgder og volum som samsvarar med dagens sentrum. Intensjonen er å skape eit bygningsmiljø som er drege heilt ut til kaifronten og omfamnar vågen på begge sider. Dette vil skape eit visuelt tettare innløp i vågen og skape spanande nye byrom med hamna som sentralt midtpunkt. Viktige siktaksar skal vidareførast og forsterkast med bygningar.

 

150508_FOSNAVÅG_FOR OFFICE PRESENTATION.pdf

Det kommersielle sentrum skal vere utforma som gågate i by-romma mellom bygningane. Høg kvalitet på dekker og byromsmøblar vil fremje trivsel og invitere fleire til å handle. Det bør gjerast tiltak på eksisterande bygningar som opnar opp lukka fasade med publikumsvenlege vindauge.
Parkeringsplassen ved Rådhuset er transformert til urbant byrom og uformell møteplass.

150508_FOSNAVÅG_FOR OFFICE PRESENTATION.pdf

150508_FOSNAVÅG_FOR OFFICE PRESENTATION.pdf

150508_FOSNAVÅG_FOR OFFICE PRESENTATION.pdf

Bytorget erstattar eksisterande parkeringsplass. Her vil det vere mulegheit for «å henge» med venar,parkere sykkelen, ta pappaperm med ein kaffikopp, løyse verdensproblem på prostatabenken og høyre dagens utspel frå speakerscorner.

For å samle allmenningens miljø til et felles sted med tydelig identitet
meiner vi det er viktig å etablere et enhetlig bygolv. Et bygolv som klart viser eit urbant miljø der handel, service og sosiale aktiviteter har hovudfokus. Biler og varelevering skjer på dei syklande og gåande sine premissar gjennom miljøgate prinsippet.

Det er vårt mål at Fosnavåg si utvikling og urbane design speiler den kraft og innovasjon som fins blant innbyggarane i Fosnavåg og den kringliggande naturen.

150508_FOSNAVÅG_FOR OFFICE PRESENTATION.pdf

POTENSIALEt LIGGER I MODERNE KLIMAVENLEG TREARKITEKTUR

Arkitektur og attraktivitet: Ved å rette fokuset på den lokale bygningshistoria og skape moderne klimavenleg trearkitektur som let seg inspirere av tradisjonen vil ein kunne oppnå attraktive arkitektoniske bindeledd i Fosnavåg gjennom materialitet og dimensjonar. Vi trur også på ei utvikling av eksisterande sjøhus kan gje ny næring og liv langs vågen.

150508_FOSNAVÅG_FOR OFFICE PRESENTATION.pdf

Energi prinsipp:

Solpanel:
Tak som heller i sørleg retning kan dekkjast av solpanel som supplerer bygg med energi.

Varmepumpe basert på sjøvatn:
Fosnavåg har gode føresetnader for å spare energi med varmepumper som nyttar temperaturen i sjøvatn. Slikt utstyr fungerer best når vatnet er sju grader eller meir. Havstraumen utanfor Fosnavåg held denne temperaturen sjølv om vinteren.
Alle bygg som ligg nær sjøen kan ha slikt utstyr integrert. Investering i maskineri og vedlikehald er moderat og straumsparetiltaket vil redusere energibuken til mellom ein tredel og ein fjerdedel samanlikna med panelovnar og varmtvatn som nyttar straum direkte. Ein kan unngå saltkorrosjon på utstyret ved å la sjøvatnet varme opp ein anna væske, som til dømes ferskvatn, som ein så slepp inn i varmevekslaren.

150508_FOSNAVÅG_FOR OFFICE PRESENTATION.pdf

Nyhamna:

Bykjerna bør strekkast heilt mot havet. Det er ikkje naudsynt med ein ny separat «bydel», men heller ei forlenging av det eksisterande sentrum. Nyhamna er konsentrert rundt eksisterande hamneanlegg i nordvest. Forslaget legg opp til at det byggast ut eit område som samsvarar med kvadraturen i sentrum både med tanke på volum og høgder. Forslaget gjev grunneigarane det programmet dei har lagt til grunn for vidare utvikling, men dette er løyst utan å fylle igjen hamn og hopar. Eksisterande hamn er oppretthalde nettopp fordi det gjev ein ekstra kvalitet. Fortettinga rundt hamna lagar eit nytt byrom, eit indre gårdsrom på vatn , der hamnebassenget er ein sentral del.

Samanbindinga mellom Nyhamna og eksisterande sentrumskjerne vil utgjere eit sentralt byrom som inviterer til uformelle møter mellom bebuarar, kollektivt reisande og andre vitjande. Byrommet har fått namnet Fisketorget. Fiskarkåna er framleis sentralt plassert med god utsikt mot havet.

Det indre hamneområdet nyttast til gjestehamn, kai for hurtigbåt og andre som driv turistnæring. Forslaget vidarefører fiskemottaket. Vi meiner at fiskerirelatert næring er ein vesentleg essens ved Fosnavåg sin identitet. Det må leggast til rette for næringa.
Nyhamna har også servicebygg og kaianlegg for snøggbåtar.

150508_FOSNAVÅG_FOR OFFICE PRESENTATION.pdf

KAN SAME UTBYGGINGSPROGRAM FORMAST UTAN DEPONIFYLLING?

150508_FOSNAVÅG_FOR OFFICE PRESENTATION.pdf

Turistsenter og hotell

Snøggbåten frå Ålesund/ Vigra kjem med Japanarar som er ute etter timesfersk sushi

150508_FOSNAVÅG_FOR OFFICE PRESENTATION.pdf

 

Småbåthamn og livet ved hamna. Bygga i Nyhamna utgjer bygningsvolum med ulik høgde. Høgdene vil gje god skjerming frå framherskande vindretningar og lage le for hyggeleg opphald mellom bygga. Høgdene skil seg i frå tilstøytande einebustader i vest. Intensjonen er å forlenge eksisterande bystruktur med ein samsvarande størrelse med omsyn til volum og størrelse. Byen strekk seg ut til havet.

150508_FOSNAVÅG_FOR OFFICE PRESENTATION.pdf

Å leve nær sjøen

150508_FOSNAVÅG_FOR OFFICE PRESENTATION.pdf

150508_FOSNAVÅG_FOR OFFICE PRESENTATION.pdf

150508_FOSNAVÅG_FOR OFFICE PRESENTATION.pdf