News
Fruktbonden Joar Aga satsa på sider for nokre år sidan. I tillegg til hovudgeskjeftet, som er produksjon av den beste sideren i Kongeriket, har han også fått smake på såkalla «Siderturisme» i Hardanger. I 2020 kom det nemleg rikeleg med besøkande heim til gards. Dei kom sjøvegen til den vesle kaia og det er behov for å legge betre til rette for dette. Vi står til tjeneste med arkitektur- og plankompetanse!
Løysingane på kaia vert basert på analysar av staden og dialog med siderbonden. Idear blir fortløpande vurdert utifrå om dei svarar til faktiske behov. På ein gard må alt ha ein funksjon, og i Aga er dei pragmatiske. Resultatet skal verte praktisk og robust, men også innbydande, freistande, leskande, spennande, og med sin eigenart i behald. Vi gler oss til sumar i Hardanger!
@agasideri vann pris for Årets sider i @detnorskemaltid i vinter. Her frå ei befaring av kaia i oktober 2020.



