Heggebøneset

Moglegheitstudien er utarbeidd av 3RW arkitekter på oppdrag frå Hyllestad kommune og i dialog med grendelaget i Leirvik. Studien har som mål å utforske og syne kva potensiale som ligg i å vidareutvikle Heggebøneset som frilufts- og badeområde i Leirvik.

Den ytre delen av neset er i stor grad urørt og har naturlege kvalitetar som ein i størst mogeleg grad skal verne om. Samstundes er det trong for noko tilrettelegging og  betra tilgjenge gjennom universelt utforma gangveg, samt etablering av eit servicebygg for lagring og sanitære fasilitetar for offentlegheita. Til oppdraget har det lagt å  formgi eit servicebygg på om lag 25 m2, teikne inn og gi føringar for turveg gjennom området, samt å lokalisere og gi uttrykk konstruksjonar for stuping, fiske og  flytebrygge for å legge til med småbåtar. Studien gir rammar for ei strategisk utvikling av området med vekt på formuttrykk, materialval og terrenghandsaming.

Search loading indicator